Vi har ledige plasser nå

Hollundsvegen 43, 5427 Urangsvåg |
mandag - fredag kl. 0630 - 1645

Espira Hollund, Bremnes i Bømlo kommune

Om barnehagen

Espira Hollund er ein ny og moderne barnehage på Urangsvåg i Bømlo kommune. Barnehagen ligg godt skjerma frå trafikk og støy, med Hollundsmarka som næraste nabo, men er samstundes lett tilgjengeleg for levering og henting.

Vi er ein liten barnehage, noko som gjer at vi kan gi kvart enkelt barn tett oppfølging.

Vi legg vekt på at barna skal oppleve meistring, vennskap, omsorg og læringsglede kvar dag. Hos oss møter de ein positiv og engasjert gjeng som ønskjer å gi barna dykkar ein trygg, kjekk og lærerik barndom.

Uteområdet og nærmiljøet

Uteområdet er stort og variert, med ulendt terreng der barna får bruke kroppen aktivt og oppleve naturen tett på. Vi har mellom anna:

  • både trygge klatrestativ og naturlege leikeområde
  • eigen bålplass i barnehagen, der vi lagar mat fleire gonger i veka
  • lavvoar som vi bruker til både leik og måltid
  • alle barna får låne gode Viking-parkdressar til alle årstider, som dei òg kan ta med seg heim

I tillegg til flotte turområde i nærmiljøet ligg barnehagen ikkje langt unna Svortland, Meling og Gilje skule. Turar til Gåslandsmarka, Fet og Urangsvågen gir variasjon og rom for leik, utforsking og gode naturopplevingar.

Mat og måltid

Espira Hollund er ein matpakkefri barnehage – ein ting mindre å tenkje på i ein travel kvardag! Dette gir barna:

  • tre sunne og varierte måltid kvar dag
  • nye smakar og matopplevingar
  • både varme og kalde rettar
  • rikeleg med frukt og grønsaker

Måltida er ein viktig sosial arena der barna får snakke saman, bli sette og delta aktivt. Ved lavvoen lagar vi ofte varm lunsj på bål, og barna får vere med i matlaginga. Dette gir både meistring, læring og gode minne.

Visste du at mellom 40 og 60 prosent av det daglege energiinntaket til barnet blir dekt i barnehagen? Derfor har barnehagen stor påverknad på barna sine matvanar, kosthald og helse.

Picture of the author
Bli betre kjend med Espira Hollund!

Slik støttar vi utviklinga til barna

I Espira Hollund arbeider vi systematisk med språk, realfag og bevegelse fordi vi veit at dette gir barna eit godt og trygt grunnlag, både til skulestart og vidare i livet. Vi er til stades i kvardagen og planlegg aktivitetar ut frå behova, interessene og utviklinga til barna.

  • Hos oss får barna bruke nysgjerrigheita si, utvikle ferdigheiter og oppleve glede gjennom leik og samspel.
  • Vi er med på lokale satsingar knytte til språk og inkludering.

Språk

Vi gir barna gode språkerfaringar gjennom leik, kvardagssituasjonar og organiserte aktivitetar. Mellom anna har vi:

  • Spirebibliotek som gjer bøker lett tilgjengelege for barn, ansatte og foreldre
  • moglegheit til å låne bøker med heim
  • høgtlesing, samtalar og rollespel
  • dagtavler og visuelle hjelpemiddel
  • små språkgrupper leia av fagpedagog

Realfag

I vårt eige forskarrom får barna utforske realfag i trygge og spennande omgjevnader. Her kan dei eksperimentere, byggje, undersøkje og undre seg saman med personalet.

Barna får møte matematikk og naturfag gjennom eigne erfaringar, eksperiment og prosjekt som er tilpassa alder og interesser.

Bevegelse

Hos oss er fysisk aktivitet ein naturleg del av kvardagen. Derfor har vi:

  • eit stort uteområde som er lagt til rette for leik, sykling og bevegelse
  • eigen lavvo som blir brukt til både leik og måltid
  • gymsal med rom for morosame og lærerike aktivitetar
  • trygg tilvenning til vatn for dei eldste barna, både i basseng og sjø, alltid saman med ansvarlege vaksne
  • trygge og gode syklar som gjer at vi kan utforske nærområda saman

Vi ønskjer å gi barna gode opplevingar kvar dag – gjennom leik, læring, vennskap og meistring i eit trygt og inkluderande miljø.

Barn i stor transportsykkel.

Dei fine taxisyk­lane våre gjer at vi enkelt kan dra på litt lengre turar i nærområdet – også med dei minste!

Skolespire – frå barnehage til skule

Dei eldste barna i Espira-barnehagene kalles «Skolespirer». Skolespirene har si eiga avdeling og startar året med høgtidleg utdeling av skolespire-sekkar. Dei flyttar inn på nytt avdelingsrom med eigen garderobe tilrettelagt for å gi både meistring og tryggleik. Barna får prøve sjølv, oppleve fellesskap og besøke både skular og verksemder. Dei har faste turar, tilvenning i vatn året rundt i Djupedalen i Uransvågen like ved, og aktivitetar som gjer overgangen til skulen både trygg og spanande.

Me tilbyr parkdressar frå Viking til alle barn i Espira Hollund

Me har inngått eit pilotsamarbeid med Viking Footwear der me utstyrer alle barna i Espira Hollund med parkdressar heile året. Barna får låne kvalitetsdresser av barnehagen til riktig sesong og i riktig størrelse. Du kan og bruke parkdressen heime om du ynskjer det. Espira er, som ein stor barnehageaktør opptatt av å auke gjenbruken av klede, då dette bidreg til å redusere miljøavtrykka til barnehagane våre. Dessutan ynskjer me å ta eit større sosialt ansvar. 

I Espira Hollund får også alle barnehageforeldre i tillegg 30% på vikingfootwear.com, både til store og små. Rabattkoden finner du i barnehagen. Viking Footwear har produsert fottøy sidan 1920 og lanserte i 2023 sin fyrste kleskolleksjon, med fokus på barnehagebarns unike behov for ein aktiv kvardag. Meir informasjon finn du i barnehagen.

Foreldreportalen app på mobiltelefon

Følg barnet ditt gjennom dagen med appen vår

Med foreldreportalen vår kan du følge med på dagsrytmen og få informasjon om hva barnet ditt gjør i barnehagen. Det er også her vi sender meldinger oss i mellom, og gir informasjon om planene fremover.

Avdelinger og ansatte

Julie

Pedagogisk leder

Julie

Connie

Fagarbeider

Connie

Heidi

Pedagogisk medarbeider

Heidi

Ingeborg

Barnehagelærer

Ingeborg

Olena

Pedagogisk medarbeider

Olena

Stine

Fagarbeider

Stine

Slik jobber vi med pedagogikk i Espira

I Espira skal alle barn møte voksne som viser omsorg, støtter, engasjerer og inspirerer. Felles for alle våre barnehager er at de følger barnehageloven og rammeplanen. Barnehageloven gir overordnede bestemmelser for tilbudet, mens rammeplanen gir retningslinjer for barnehagens innhold og oppgaver. I Espira er det pedagogisk mangfold og våre barnehager jobber på mange ulike måter. Vi har store barnehager og små barnehager. Noen barnehager satser for eksempel særlig på musikk, og gårdsliv, andre på friluftsliv og realfag.

3 glade barn spiser mat

Småspirene

Småspirene handler om å gi barn og foreldre en god tilvenningstid og en god barnehagestart. Omsorg, trygghet, tilknytning, godt foreldresamarbeid og barnets beste står i sentrum for tilvenningstiden. I Espira gjør vi vårt beste for at alle barn og familier skal starte barnehagelivet på en god måte. En god barnehagestart er fundamentet for en god barnehagetid.

Barnehagebarn lager håndbriller

Skolespira – for de eldste barna

Skolespira handler om at de eldste barna skal få et fantastisk siste år i barnehagen og en god overgang til skolen. Gjennom tverrfaglig arbeid og spennende prosjekter skal barnehagen støtte barnas iboende lærelyst og barnas tro på seg selv. Som skolespire i Espira skal du få et godt grunnlag for videre læring og sosialt fellesskap i skolen og du får en egen sekk med utstyr til lek og utforsking. Alle Espiras barnehager samarbeider med skolene barna skal begynne på.

Se vår barnehage fra luften

Se vår barnehage og det flotte området rundt fra luften. Se videoen her.