
– Den gode kulturen sit i veggane. Det merkast at dette er ein arbeidsplass der folk trivst og ønskjer å hjelpe kvarandre, seier Hilde.
– Det beste med denne jobben er at vi får vere med og bidra til at barna har ein god og lærerik dag. Å få følgje utviklinga deira, rettleie foreldre og berre kunne gi omsorg. Det er både spennande og meiningsfullt, slår Hilde fast.
Hilde er styrar i Espira Hollund, ein jobb ho har hatt sidan 2022. Men ho byrja faktisk som tilkallingsvikar i ein kommunal barnehage.
– Eg har alltid visst at eg ville jobbe med menneske. Alt fall på plass då eg fekk prøve meg i barnehagesektoren. Arbeidskvardagen var så givande og variert, og eg trivst veldig godt i samspelet med både foreldre og barn.
Espira Hollund er ein ny og moderne barnehage i Urangsvåg, med store og lyse lokale rett ved Hollundsmarka. Lavvo og bålplass like utanfor vitnar om ein barnehagekvardag prega av leik, utforsking og gode opplevingar.
– Naturen er veldig lett tilgjengeleg, året rundt. Ein treng ikkje gå langt for å oppleve noko stort!
Hilde fortel at dei er tett på barna og engasjerer seg i det som opptek dei.
– Dyr, småkryp, løvetann som krøllar seg i vatn – og så skjer det så mykje viktig sosialisering mellom barna i slike situasjonar. Det er akkurat dette som gjer at eg gler meg til å gå på jobb kvar dag.

Dei fine taxisyklane gjer at Espira Hollund enkelt kan dra på litt lengre turar i nærområdet – også med dei minste!
Espira Hollund skil seg frå mange andre barnehagar ved at dei har fleire ulike rom som er tilpassa forskjellige aktivitetar og behov.
– Alle barn er ulike. Nokre trivst best i større grupper, medan andre kan ha behov for litt ro innimellom. Då er det fantastisk at vi kan leggje så godt til rette for kvart enkelt barn. Slik får alle høve til å oppleve meistring, fellesskap og det å bli sett, seier Hilde.
Når nye barn byrjar i barnehagen, arbeider dei tilsette tett saman med både barna og foreldra.
– Mange foreldre kan nok vere litt urolege for om barna kjem til å få venner når dei byrjar i ein ny barnehage. Men barn er ofte mykje flinkare til å bli kjende med kvarandre enn vaksne trur. Trygge rammer og fagleg dyktige vaksne som kjenner kvarandre godt, og som har tid til kvart enkelt barn, gjer at dette som regel går veldig fint.
Dei fleste som jobbar i Espira Hollund bur i nærleiken av barnehagen. Mange har arbeidd her lenge, og Hilde rosar kollegaene sine.
– Den gode kulturen sit i veggane. Det merkast at dette er ein arbeidsplass der folk trivst og ønskjer å hjelpe kvarandre. Vi samarbeider godt på tvers av avdelingane, noko som skaper tryggleik og føreseielegheit for både små og store.
Som nyutdanna arbeidde Hilde ved ein Espira-barnehage på Stord før familien flytta til Bømlo. Etter nokre år i ein kommunal barnehage byrja ho i Espira Hollund, og har dermed erfaring frå både private og kommunale barnehagar.
– Det er fleire fordelar med å vere ein del av noko større. Til dømes gjer Spireportalen det enkelt å dele planar og viktig informasjon med foreldra. Den viktigaste kommunikasjonen vil alltid skje i dei daglege møta, men det er nyttig å ha eit verktøy der ein raskt finn svar på det ein lurer på.
– Det er fleire fordelar med å vere ein del av noko større.
Hilde fortel at det å vere ein del av Espira gjer kvardagen enklare, slik at ho og dei andre tilsette kan bruke meir tid saman med barna. Samstundes får dei god fagleg støtte.
– Som styrar er det veldig godt å vere ein del av Espira. I tillegg til gode system og nyttige verktøy har vi ein administrasjon i ryggen som vi kan støtte oss på ved behov. Når det kjem endringar i lovverk og regelverk, kan eg få råd og rettleiing slik at vi er trygge på at vi gjer ting rett. Som ny styrar var det mykje å setje seg inn i, men gjennom kurs i Espira fekk eg den kompetansen eg trong for å gjere jobben på ein god måte.
Espira har også ei eiga fagavdeling som utviklar metodar og verktøy som dei tilsette kan bruke i arbeidet med barna.
– Det har vi hatt stor nytte av. Espira-barnehagane får tilgang til ny og relevant faglitteratur, gode aktivitetstips og prosjekt som vi veit er utviklande for barna. Det gjer arbeidet vårt både enklare og betre.

– Mange foreldre kan nok vere litt urolege for om barna kjem til å få venner når dei byrjar i ein ny barnehage. Men barn er ofte mykje flinkare til å bli kjende med kvarandre enn vaksne trur, seier Hilde.
Som Espira-barnehage arbeider Espira Hollund kontinuerleg med å måle og utvikle kvaliteten i arbeidet med barna. Dette skjer gjennom Espira BLIKK, eit system utvikla av norske pedagogar for norske forhold. Dette er eit unikt system som er laga for å finne ut korleis barnehagane kan bli betre, der dei tilsette arbeider målretta og systematisk med alle sider av pedagogikken og barnehagekvardagen.
I tillegg til å evaluere sitt eige arbeid får dei tilsette besøk av kollegaer frå andre Espira-barnehagar som kjem med innspel og nye perspektiv.
– Dette fungerer veldig godt og gjer oss endå betre i jobben vi gjer for barna. Elles er det fort gjort å halde fram med å gjere ting slik ein alltid har gjort dei. Kanskje burde vi arbeidd meir med språk eller bevegelse i ein periode. Gjennom dette systemet fangar vi opp slike ting og kan jobbe målretta og strukturert for å gi både barn og foreldre eit endå betre tilbod.

Les meir om barnehagekvardagen og søk om plass her!