Søknadsfrist
Sollia 30, 5420 Rubbestadneset |
mandag - fredag kl. 0630 - 1645
Tlf: 91592644
E-post: rubbestadneset@espira.no
Espira Rubbestadneset ligg midt i sentrum av Rubbestadneset på Bømlo. Barnehagen har plass til 92 barn og eit stort og variert uteområde med mykje skog og naturtomt. Her finn du både kjøkkenhage, bærbuskar og frukttre som barna får vere med og stelle.
I Espira Rubbestadneset arbeider me systematisk med utvikling og kvalitet. For tida har me særleg fokus på barns leikemiljø. Me legg vekt på vaksenrolla i leik, barns medverknad i utforming av leikemiljø og bruk av pedagogisk dokumentasjon for å utvikle inspirerande og inkluderande miljø for alle barn. Me meiner at leiken er den viktigaste delen av barnehagekvardagen.
Barnehagen har også eit aktivt samarbeid med høgskule, vidaregåande skule og ungdomsskule for å bidra til praksis og hospitering for elevar og studentar.
Uteområdet vårt er stort og variert, med mykje skog og ulendt terreng som inviterer til leik og oppdaging. Rett utanfor gjerdet ligg Skulespireskogen, eit kjært turmål der dei eldste barna får boltre seg og finne roen i naturen.
Me har fast leigeavtale med Rubbhallen, som me nyttar kvar dag. Der legg me til rette for rørsleglede og fysisk utfalding med hinderløyper og leik. I nærområdet finn me mange flotte turstiar, og både dei mellomste og største barna bruker ofte stranda på Furuneset som turmål. Her får barna nærleik til sjøen og utsikt til Siggjo, landemerket vårt på Bømlo.

I Espira Rubbestadneset er me opptekne av at måltida skal vere prega av glede og fellesskap. Me følgjer Helsedirektoratet sine anbefalingar for sunn og variert mat, og barna får frukt og grønsaker til kvart måltid. Som matpakkefri barnehage sørgjer me for at barna får gode og næringsrike måltid gjennom dagen, samtidig som måltida blir ei stund for ro, samtale og samhald.
I Espira får barna oppleve leik, læring og meistring kvar dag. Me jobbar systematisk med språk, realfag og rørsle fordi me veit at dette gir barna eit trygt grunnlag både for skulestart og for livet vidare.
Me arbeider særleg med inkluderande og inspirerande leikemiljø. Gjennom årlege ståstadsanalysar, foreldreundersøkingar og bruk av BLIKK, Espira sitt eige verktøy for vurdering av kvalitet, finn me fram til dei områda me ønskjer å utvikle vidare. Me set oss mål og iverkset tiltak som skapar gode og engasjerande læringsmiljø for barna våre.
Me har stort fokus på språk og kommunikasjon. Gjennom barnesamtalar, prosjektarbeid og bruk av pedagogisk dokumentasjon får barna uttrykkje tankar og opplevingar. Me nyttar ASK, teikn til tale og dagtavler som støtte i kommunikasjonen.
Bøker har ein sentral plass i barnehagen, og me les både for og saman med barna kvar dag. Dei to eldste gruppene besøker jamleg biblioteket på Bømlo kulturhus for å oppleve leseglede og utforske bøker på eiga hand.

Realfag er ein naturleg del av kvardagen vår. Me jobbar med realfag gjennom heile året, og har eigne realfagsveker der barna får eksperimentere, undre seg og utforske. Gjennom leik og nysgjerrigheit får dei erfare korleis natur, tal, form og teknologi heng saman.
Barna får dagleg moglegheit til å vere i aktivitet. I Rubbhallen legg me til rette for motoriske utfordringar, og uteområdet vårt gir mange moglegheiter for fysisk leik. I Skulespireskogen får barna utfalde seg fritt i naturlege omgjevnader. Rørsleglede, meistring og trivsel står i sentrum.
Skulespirene våre har ein eigen avdeling og ser fram til sitt siste år i barnehagen med både spenning og glede. Dei har faste turdagar, eigne dagar i Rubbhallen og mykje tid i Skulespireskogen.
Gjennom året har dei fleire turar utanfor barnehagen og får delta i prosjekt som legg vekt på vennskap, inkludering og sosial kompetanse. Me samarbeider tett med Rubbestadneset skule for å sikre ein trygg og føreseieleg overgang til skule og SFO.

I Espira Rubbestadneset møter barna varme, trygge og engasjerte vaksne som tek leik på alvor. Me legg til rette for at alle barn skal oppleve trivsel, tilhøyrsle og meistring i inspirerande leikemiljø. Hos oss får barnet ditt ein trygg start på livet i eit miljø der natur, leik og fellesskap går hand i hand.

Med foreldreportalen vår kan du følge med på dagsrytmen og få informasjon om hva barnet ditt gjør i barnehagen. Det er også her vi sender meldinger oss i mellom, og gir informasjon om planene fremover.


I Espira skal alle barn møte voksne som viser omsorg, støtter, engasjerer og inspirerer. Felles for alle våre barnehager er at de følger barnehageloven og rammeplanen. Barnehageloven gir overordnede bestemmelser for tilbudet, mens rammeplanen gir retningslinjer for barnehagens innhold og oppgaver. I Espira er det pedagogisk mangfold og våre barnehager jobber på mange ulike måter. Vi har store barnehager og små barnehager. Noen barnehager satser for eksempel særlig på musikk, og gårdsliv, andre på friluftsliv og realfag.

Småspirene handler om å gi barn og foreldre en god tilvenningstid og en god barnehagestart. Omsorg, trygghet, tilknytning, godt foreldresamarbeid og barnets beste står i sentrum for tilvenningstiden. I Espira gjør vi vårt beste for at alle barn og familier skal starte barnehagelivet på en god måte. En god barnehagestart er fundamentet for en god barnehagetid.

Skolespira handler om at de eldste barna skal få et fantastisk siste år i barnehagen og en god overgang til skolen. Gjennom tverrfaglig arbeid og spennende prosjekter skal barnehagen støtte barnas iboende lærelyst og barnas tro på seg selv. Som skolespire i Espira skal du få et godt grunnlag for videre læring og sosialt fellesskap i skolen og du får en egen sekk med utstyr til lek og utforsking. Alle Espiras barnehager samarbeider med skolene barna skal begynne på.

I Espira får alle barnehageforeldre 30 % rabatt på vikingfootwear.com, både til store og små. Rabattkoden finn du i barnehagen. Viking vil hjelpa små eventyrarar til å halde seg varme, tørre og trygge gjennom heile dagen i barnehagen. Viking har produsert fottøy heilt sidan 1920 og tilbyr sko til all slags vêr. No har dei og lansert ein barnehage-kolleksjon med alt du treng frå topp til tå. Produkta er designa med fokus på kvalitet, at dei skal vare over fleire sesongar og få lengre levetid.