Kunnskapsbarnehagen

Ei ny og spanande tid kjem når barnet ditt skal begynne i barnehage. Det er naturleg å både glede og grue seg litt, og ein sit gjerne med mange spørsmål. Me skal prøva å hjelpa deg med å svara på nokre av spørsmåla du kanskje sit med, no når du skal søkje barnehageplass. Barnehagen vår, Espira Salamonskogen, ligg på Bremnes i Bømlo kommune.

Bli trygg på at du vel rett barnehage

Det er ikkje alltid så lett å vite akkurat kva du skal sjå etter når du skal velje barnehage og søkje om plass.
Det aller viktigaste er sjølvsagt at du får tillit til at me som arbeidar i Espira Salamonskogen, og skal vere saman med barnet ditt, er gode og varme omsorgspersonar. Du er velkommen på besøk i barnehagen, slik at du kan få ei omvising før du søkjer. Då vert du litt kjent med barnehagen, personalet og lokala våre.
Du kan spørje om absolutt alt du lurer på! Det er viktig å bli godt kjent med den barnehagen du skal velje, før du søkjer om plass.

Bli kjent med personalet før oppstart i barnehagen


I Espira Salamonskogen vert alle nye barn invitert på besøk, saman med foreldra, i forkant av tilvenningsperioden. Her får de informasjon om korleis tilvenninga går føre seg, litt om kva me arbeider med og har fokus på i barnehagen vår.Det blir satt av tid til å stille spørsmål og de vil få helse på personalet som jobber på avdelinga. Her vil de og få helse på kontaktpersonen til barnet, den som skal fylgje barnet tettast dei fyrste vekene.

Trygg start med tilvenning i barnehagen

«Ein trygg start varar heile livet.»

Ein god oppstart og tilvenning legg grunnlaget for ein god barnehagekvardag. Når barnet skal starta i barnehage er det viktig at me som fagpersonar har eit bevisst forhold til korleis me kan trygge både foreldre og barn i oppstartsperioden i barnehagen.

Tilvenning, eller innkøyring som nokon kallar det, er den fyrste tida frå barnet byrjar i barnehagen til dykk foreldre, og me tilsette, opplever at barna føler seg trygge i barnehagen

Det at barna vert trygge er det viktigaste under tilvenninga, og eit stort fokus hos oss. Tilvenninga vår fylgjer Espiras standard for god tilvenning eller Småspirestandaren. Me kallar dei minste barna for Småspirene. Det handlar mellom anna om at de får komme på besøk i barnehagen i forkant, eigen kontaktperson og korte tilvenningsdagar. Vanlegvis varer tilvenninga i tre dagar, men nokre gonger tek det lengre tid. Det er heilt i orden, og tilvenninga vert ikkje avslutta før både foreldre og tilsette er sikre på at barnet kjenner seg trygg i barnehagen.

Tett på med Spireportalen

Dei fyrste vekene, og elles ved behov, er personalet gode på å sende ei oppdatering med bilete og tekst i Spireportalen til foreldra som seier noko om korleis barnet har det i barnehagen.Dette får me gode tilbakemeldingar på frå foreldra. Spireportalen er eit godt verktøy og ein app me nyttar oss av for å kommunisere med foreldra. Etter nokre veker har me ein oppstartssamtale, der me snakkar om korleis foreldra og tilsette har opplevd tilvenningsperioden, og tida framover.
Du kan lese mer om tilvenning i barnehagen her.

Barnehagen vår


Barnehagen ligg tett på skogen og flotte turområde, som me bruker kvar veke. I skogen «vår», som ligg rett utanfor gjerdet, har me vår eigen gapahuk som vert flittig brukt.


Me er opptatt av at barna skal undre seg og erfare gjennom leiken, saman med engasjerte og tilstedeverande vaksne. Med satsingsområder som språk, realfag og røyrsle skapar me spanande pedagogiske miljø og aktivitetar som legg til rette for akkurat dette.


Det vert arbeidd tverrfagleg med dette gjennom heile barnehagedagen, men for å kvalitetssikre at me er innom alle tema, har avdelingane pedagogiske aktivitetar som omhandlar desse satsingsområda i planane sine.


Nysgjerrige barn lærer best

Skulespirene, som er dei eldste barna i barnehagen, arbeider med satsingsområda på ein litt anna måte, mellom anna ved stasjonsarbeid. Då har dei gjerne ein stasjon med språk (Trampolineboka, høgtlesing, spel og liknande), neste stasjon er realfag (eksperiment, spel, omgrep, tall og mengde, former og liknande.) og den tredje er røyrsle (yoga, dans, leiker, turar og liknande.)

Skulespirene i Espira Salamonskogen er samla på ein avdeling, Lyngen. Her vert dei godt kjent med framtidige klassekameratar, og får eit flott avslutningsår i barnehagen.

Næringsrik mat til barna, kvar dag

Mat og måltid er viktig for oss i barnehagen, og me har stort fokus på dette. Som fullkostbarnehage vil det seie at barna får alle måltida i barnehagen, med grønsaker eller frukt til kvart måltid.

Kvar tysdag og torsdag får me varmlunsj levert frå Bømlo Hotell. Her har kokken, i samråd med barnehagen, utarbeidd ein sunn og variert meny som både barn og tilsette får nyte godt av. I tillegg lagar me varmlunsj minst ein gong i veka utanom desse dagane.
Kontakt oss for å komme på besøk hos oss.

Korleis søkjer du barnehageplass?

Du må sjølv søkje barnehageplass for barnet ditt, og du søkjer barnehageplass via kommunen sine nettsider. Fristen for å søke plass til hovedopptaket i Bømlo kommune er 1.februar. Etter hovudopptaket er det supplerande opptak, og me tek i mot barn så lenge me har plass.
Her søkjer du barnehageplass.