Kvalitetsprosjektet

I 2015 rettet vi fokus mot barnehagenes språkmiljø. Alle barnehagene som var med har  gjort seg gode refleksjoner rundt hva de allerede er gode på og hva de kan bli enda bedre på.  Alle barnehagene som er med i prosjektet har høstet anerkjennelse fra de eksterne observatørene.

Halsnoy_Kloster

Vi har spurt styrer Mona Herskedal Fjelland og pedagogisk leder Kristin Øvrevik Farestad, i Espira Halsnøy Kloster om hva de gjør for å tilby alle barna et så godt språkmiljø.

Her er deres svar:

  • «Me har kvalitetsbøker som er lett tilgjengelege for barna, også for dei aller minste. Mobile bokkassar som kan takast med og flyttast rundt i rommet. Kvar avdeling har lesekrok som innbyr til lesestund, og me set av tid til høgtlesing i samling og i små grupper. Leiker er innan barna si rekkevidde og legg til rette for sjølvstendige barn som tar initiativ til leik. Avdelingane har bilete, symbol osv på veggene som innbyr til å setja ord på opplevingar, hendingar og me kan diskutere og reflektere saman. Barna sine interesser skal vera medverkande i våre planar og me organiserer det fysiske miljøet etter barnas interesser og behov. Dette skaper ro og grunnlag for eit godt språkmiljø.»
  • «Me har leik som satsingsområde og meiner at leiken er barna sin fremste arena for læring og utvikling. Språk og samhandling er ein naturleg del av leiken. Leiken skal ha gode vilkår i barnehagen både inne og ute, og det krev at dei vaksne viser respekt for barna sin leik og friheten som den har. Vennskap og relasjonar blir skapt gjennom leik. Me er bevisste på at det å få delta i leik og få venner er grunnlaget for at barn trives og opplever barnehagen som noko meiningsfullt. Me vaksne skal heile tida vera bevisste på dette og vera tilgjengelege for barna i leiken og støtte dei som treng det. I samspel med andre nyttar barn språket aktivt både verbalt og non verbalt.»
  • «Det er viktig med bevisste vaksne som er gode språkmodellar og «badar» barna i språk. Me må ha fagleg kunnskap om språkutvikling og god språkstimulering slik at det blir kvalitet i det daglege samspelet. Me må ha ein anerkjennande kommunikasjon som gjer at barna er språkleg aktive saman med oss vaksne.»